Yr babyteppe
Yr babyteppe
Yr babyteppe er eit nydeleg, sart babyteppe med holmønster og rillekant. Det vert strikka frå midten og utover, og du strikkar såleis eit heilt teppe utan ei einaste vrangmaske! Du strikkar rundt, men teppet vert kvadratisk til slutt.
Du vel sjølv om du vil strikke med eller utan volang. Dersom du vel å strikke utan volangen, vil du auke meir for å få eit teppe som er like stort i diameter som med volang.
Størrelse: ca 85x85 cm
Strikkefasthet: 28/10cm (22/10cm)
Pinnar: 3,0mm (3,5mm)
Garn tynt teppe: Sandnes garn sunday (50g = 212m)
Garnmengde tynt teppe: 250g
Garn tjukt teppe: Sandnes garn double sunday (50g = 108m)
Garnmengde tjukt teppe: 450g
Alternative garn (tynt teppe)
Sandnes tynn merinoull (50g = 175m), Merinor baby merino (50g = 170m), Jord Clothing Wooly Light (50g = 250m), Dale baby ull (50g = 165m). OBS: ver merksam på at løpelengde varierer på ulike garntypar.
Alternative garn (tjukt teppe)
Sandnes merinoull (50g = 105m), Sandnes double Sunday (50g = 108m), Drops merino extra fine (50g = 105m), Drops Daisy (50g = 110m), Jord Clothing Woolly (50g = 125m), Sandnes Peer Gynt (50g = 91m). OBS: ver merksam på at løpelengde varierer på ulike garntypar.