Om nettbutikken

Om nettbutikken

Hei!
Så kjekt at akkurat du har funne vegen inn til mitt vesle garneventyr. Eg heiter Hanne, er 28 år gammal og bur i Bergen. Eg jobbar som lærar i barneskulen, men er for tida heime i foreldrepermisjon med sonen min Sverre.

Strikking har vore den største hobbyen min sidan hausten 2019, og heilt frå starten av har eg eksperimentert med fristrikking. Våren 2020 skreiv eg mi fyrste strikkeoppskrift, og fleire kom på løpende bånd etter det. Sommaren 2021 starta eg å eksperimentere med farging av garn, og eg innsåg fort at ynskje mitt om å farge var mykje større enn kapasiteten til å strikke bort alt garnet. Difor starta eg bedrifta i juleferien 2021. Nettbutikken opna eit par månadar seinare. Då eg vart gravid valte eg å stenge nettbutikken for å fokusere på familien min. Men saknet etter det kreative utløpet kom fort, og i tidleg på året 2024 bestemte eg meg for å starte opp igjen. 

No skal eg snart tilbake i arbeidslivet, og drive Strikkeremme utanom. Eg gler meg til fortsettinga, og håpar du vil vere med!

I nettbutikken min finner du garn, strikkeoppskrifter og strikketilbehør som eg har laga heime på Breistein. Informasjon om garnbasar og fargar finner du under "informasjon" oppe i menyen. For å bli betre kjent med meg, kan du følge meg på Instagram-profilen min Strikkeremme.

 

Tilbake til bloggen