Å strikke med handfarga garn

Å strikke med handfarga garn

Kvart einaste hespe med handfarga garn er heilt unikt – ingen er heilt like. Det vil alltid vere mindre eller større forskjellar i til dømes fargenyansar, mengder farge og spetter. Det er jo akkurat det som gjer at det er så kjekt å strikke med! Sjølv om to hesper er farga i same gryte, vil det som oftast vere litt ulikt korleis fargen ser ut når du strikkar. På grunn av dette, kan det vere lurt å bruke to hesper samstundes når du strikkar eit plagg der du brukar meir enn eitt hespe. Då vil fargane fordele seg meir jamt utover plagget, og du treng ikkje vere redd for store «striper» med mykje eller lite farge. Det kan du gjere slik:

  • Start med å strikke eit par cm med hespe A. Løft 3 masker laust av pinnen (slik som dei står, ikkje vri dei som om du skulle ha strikka rett).
  • Legg inn tråden frå hespe B, og strikk vidare.
  • Når du har strikka ein omgang, og det er 3 masker til hespe A (2 masker + den siste maska før du løfta av masker sist), løfter du desse 3 maskene laust av, og strikkar vidare med hespe A.
  • Strikk rundt til det er 3 masker igjen til hespe B, løft av, strikk vidare. Hald fram på denne måten.

Denne teknikken heiter «helical knitting». Dersom du vil sjå video av korleis det vert gjort, kan eg anbefale denne videoen (link vert opna i nytt vindu).

Vedlikehold av handfarga garn
Eg brukar kun syrefargar til å farge garnet mitt. Syrefargar holder godt på fargen vask etter vask, men du vil i somme tilfeller kunne sjå at garnet slipper litt farge i vask i starten. Eg anbefaler difor å alltid vaske ferdige plagg før bruk. Alt garn du kjøper frå meg får seg eit bad i parfymefri ullsåpe før det vert tørka og tvinna!

Ikkje vask strikkeplagg med mindre det er nødvendig. I mange tilfeller er det tilstrekkeleg å henge plagget ut til lufting for å friske opp ullfibrene. Dersom du har sølt noko på plagget, anbefaler eg forsiktig vask med ullsåpe.

Du må vaske plagg slik du sjølv er komfortabel med. Ikkje alle stolar like godt på vaskemaskina si. Personleg likar eg å legge mine strikkeplagg i lunka vatn med ullsåpe, skylle forsiktig og sentrifugere i vaskemaskina på 800 omdreininger. Strikka plagg skal alltid tørke flatt. 

 

Tilbake til bloggen