Om garnbasar

Om garnbasar

Her finner du informasjon om dei ulike garnbasane du kan finne på strikkeremme.no. 

Min garnleverandør garanterer for at alle garnbasar er mulesingfrie og produsert under etiske forhold. 

Tynn merinoull
Strikkeremme tynn merinoull består av 100% superwash-behandla merinoull. Garnet har ein løpelengde på ca 400 meter per hespe (100g).

Anbefalt strikkefasthet er 28/10 på pinne 3,0mm. Dersom du vil, kan du strikke tynn merinoull saman med Silk mohair eller Suri følgetråd og få strikkefasthet 21/10 på pinne 4,5mm. Du kan også strikke med dobbel tråd tynn merinoull og få strikkefasthet 21-22/10 på pinne 4,0mm. Hugs å alltid sjekke egen strikkefasthet.

Tynn merinoull er eit allsidig garn, og egnar seg for alle typar strikk. Det er særleg godt egna til barnetøy. Garnet tolar maskinvask (ullvugge, 40*C), men eg anbefaler å vaske plagga for hand. 

Ullfibra i garnet kjem frå både små og store gardar i Argentina og Uruguay. 


Farge: magisk

 

Tjukk merinoull
Strikkeremme tjukk merinoull består av 100% superwash-behandla merinoull. Garnet har ein løpelengde på ca 225 meter per hespe (100g). Anbefalt strikkefasthet er 22/10 på pinne 3,5mm.

Tjukk merinoull er eit allsidig garn, og egnar seg for alle typar strikk. Garnet tolar maskinvask (ullvugge, 40*C), men eg anbefaler å vaske plagga for hand. 

Ullfibra i garnet kjem frå både små og store gardar i Argentina og Uruguay.


Farge: Hasselnøtt

 

Silk mohair
Strikkeremme silk mohair består av 64% kid mohair og 36% silke. Garnet har ein løpelengde på ca 420m per hespe (50g). 

Du kan bruke Silk mohair åleine (26/10 på pinne 3,0mm) eller med dobbel tråd (18/10 på pinne 4,5mm). Silk mohair er herleg ilag med ein tråd merinoull, og ilag med ein tråd tynn merinoull kan du få strikkefasthet 21/10 på pinne 4mm. Saman med blowyarn (Sandnes Kos, Jord clothing Fluffy, Drops Air, o.l.) kan du få strikkefasthet 14/10 på pinne 7mm. Silk mohair er altså svært allsidig, og kan brukast til alt!

Dette er ein fluffy garnbase, og kan røyte noko. Derfor vil eg anbefale å unngå bruke denne basen til barn under 1 år.

Mohairen i garnet kjem frå gardar i Sør-Afrika og Europa.


Farge: mangosorbet

 

Suri Følgetråd
Suri følgetråd består av 50% Baby suri alpakka, 30% non-superwash merinoull og 20% silke. Garnet har ein løpelengde på heile 1200m per hespe (100g)! Dette gjer at 1 hespe Suri følgetråd tilsvarer nesten 3 hesper Silk mohair. Det er altså det drøyeste garnet i nettbutikken med god margin. 

Suri følgetråd gir eit mindre fluffy uttrykk enn Silk mohair, men eit meir fyldig uttrykk enn anna alpakka følgetråd som t.d. Sandnes alpakka følgetråd. Garnet er supermjukt og blankt, og gir ein heilt eigen luksuriøs følelse til plagga. Suri følgetråd er røytefritt og kløfritt.

Då svært få bedrifter tilbyr denne garnbasen, er det lite informasjon om strikkefasthet. Etter at eg har prøvd meg fram med ulike garntypar og pinnestørrelsar, har eg oppnådd:
22/10 på pinne 4mm med dobbel tråd. 
22/10 på pinne 4mm med 1 tråd tynn ull/merinoull.
21/10 på pinne 4,5mm saman med 1 tråd tynn ull/merinoull.
14/10 på pinne 7mm med 1 tråd blowyarn (Jord Clothing fluffy)
Hugs å alltid sjekke eigen strikkefasthet når du prøver nye garntypar 

Les endå meir om Suri følgetråd her (ny fane). Her finner du bilder av prøvelappar og ein tabell som viser korleis du kan finne ut kor mykje følgetråd du treng til strikkeprosjektet ditt.

Alpakkaen og merinoullen i garnet har opphav i Peru og silken har opphav i Kina. 


Farge: Hest med horn

 

Tynn glitter merinoull
Strikkeremme tynn glitter merinoull består av 75% superwash-behandla merinoull, 20% nylon og 5% gull/sølv stellina glitter. Eg har som regel gull-glitter i mitt garn. Garnet har ein løpelengde på ca 400 meter per hespe (100g).

Anbefalt strikkefasthet er 28/10 på pinne 3,0mm. Dersom du vil, kan du strikke tynn merinoull saman med Silk mohair eller Suri følgetråd og få strikkefasthet 21/10 på pinne 4,5mm. Du kan også strikke med dobbel tråd tynn merinoull og få strikkefasthet 21-22/10 på pinne 4,0mm. Hugs å alltid sjekke egen strikkefasthet.

Tynn glitter merinoull er eit allsidig garn, og egnar seg for alle typar strikk. Det er særleg godt egna til sokkar på grunn av nylonforsterkinga. Det vil også gjere seg godt til vottar og barnehage-plagg som er utsatt for slitasje. Garnet tolar maskinvask (ullvugge, 40*C), men eg anbefaler å vaske plagga for hand. 

Ullfibra i garnet kjem frå både små og store gardar i Argentina og Uruguay.

 
Farge: Kjærleik

 

Tjukk glitter merinoull
Strikkeremme tynn glitter merinoull består av 75% superwash-behandla merinoull, 20% nylon og 5% gull/sølv stellina glitter. Eg har som regel gull-glitter i mitt garn. Garnet har ein løpelengde på ca 225 meter per hespe (100g). Anbefalt strikkefasthet er 22/10 på pinne 3,5mm.

Tjukk glitter merinoull er eit allsidig garn, og egnar seg for alle typar strikk. Det er særleg godt egna til sokkar på grunn av nylonforsterkinga. Det vil også gjere seg godt til vottar og barnehage-plagg som er utsatt for slitasje. Garnet tolar maskinvask (ullvugge, 40*C), men eg anbefaler å vaske plagga for hand. 

Ullfibra i garnet kjem frå både små og store gardar i Argentina og Uruguay. 

 
Farge: blå

 

Tilbake til bloggen