Sverregenser (vaksen)
Sverregenser (vaksen)
Sverregenser er ein tidlaus genser med små og fine detaljar. Genseren er spesielt tiltenkt handfarga garn for å få fram fargespelet i garnet, men den gjer seg minst like fin som einsfarga. Genseren vert strikka ovanfrå og ned med vendepinnar (german short rows) i nakken for god passform. Den har brei raglan, litt ballong-erme og nydeleg dobbel vrangbord rundt handleddet. Genseren passar perfekt for både den erfarne, og den ferske strikkaren!
Genseren er rett i fasongen, og passar fint til både dame og herre. Genseren inneheld instruksjonar til begge. Hovudforskjelen på dame og herre-instruksjonane er lengde på bol og ermer, i tillegg til at dame-instruksjonane gir større ballong-effekt på ermet enn det herre-instruksjonane gir.
Det unike med Sverregenser til vaksen, er at oppskrifta er spesielt utforma for å kunne gjere eigne tilpassingar undervegs for at genseren skal passe din kropp best mogleg. Pass på å lese godt avsnitta «tilpassingar» før du går vidare. Ver merksam på at dersom du strikkar lengre bærestykke, bol eller ermer, så vil garnmengden oppgitt på framsida avvike. Du bør då kjøpe inn meir garn. I størrelse C strikka eg omtrent 7cm glattstrikk på bolen med 1 nøste Drops Daisy.
Glad i mohair?
Dersom du vil, kan du fint strikke denne genseren i tynn merino saman med ein følgetråd på pinne 4,0 og 4,5. Dersom du brukar Strikkeremme handfarga garn tynn merinoull (100g = 400m) eller Sandnes Sunday (50g = 235m) saman med Strikkeremme handfarga garn mohair (50g = 240m) eller Filcolana Tilia (25g = 212m) estimerer eg at du vil trenge 300 (300) 300 (350) 350 (400) gram tynn merinoull og 125 (125) 150 (150) 175 (175) g mohair. Merk: dette er KUN eit estimat rekna frå dame-størrelse. Berekn heller eit nøste for mykje enn for lite. Hugs å sjekke strikkefasthet.
Størrelsar
A (B) C (D) E (F)
Overvidde:
ca 95 (105) 115 (120) 130 (140)cm
Strikkefasthet:
21/10cm
Pinnar:
3,5 og 4,0mm.
Garn:
Drops Daisy (50g = 110m)
Garnmengde (dame)
500 (500) 600 (650) 700 (700) g
Garnmengde herre:
ca 600 (650) 800 (850) 900 (900) g
MERK: herre-størrelsane har ikkje blitt teststrikka. Eg kan dermed ikkje garantere at garnmengdene er heilt korrekte. Dersom du planlegger å strikke til herre, kan du gjerne sende meg ein e-post til strikkeremme@gmail.com. Då kan du få oppskrifta gratis i bytte mot tilbakemelding :)