Sverredress (tjukk)
Sverredress (tjukk)
Dette er ei digital strikkeoppskrift.
Sverredress er ein tidlaus heildress med små og fine detaljar. Den er spesielt tiltenkt handfarga garn for å få fram fargespelet i garnet, men den gjer seg minst like fin som einsfarga. Dressen vert strikka ovanfrå og ned med vendepinnar (german short rows) i nakken for god passform. Den har brei raglanauking og nydeleg dobbel vrangbord rundt handleddet og ankelen. Dressen passar perfekt for både den erfarne, og den ferske strikkaren!
Oppskrifta inneheld tydelege instruksjoner til både korleis strikke rundt og sy og klippe, og korleis strikke fram og tilbake.
Sverre-serien inneholder mange fleire plagg som matchar!
Størrelsar:
0 (3) 6 (9) mnd 1-2 (2-3) 3-4 år
Overvidde:
ca 54 (56) 59 (61) 63 (68) 74cm
Strikkefasthet:
22/10cm
Pinnar:
3,0mm og 3,5mm.
Garn:
Strikkeremme tjukk merinoull (100g = 225m)
Garnmengde:
ca 250 (250) 300 (300) 350 (400) g
Knappar:
Du treng omtrent 6 (6) 7 (7) 8 (8) 9 knappar. Eg anbefaler å velge ut knappar når du er ferdig med dressen.
Nøyaktige garnmengder
Teststrikkarane brukte gjennomsnittleg 400 (470) 520 (680) 815 (830) METER med garn.
Tynn merino + følgetråd?
Dersom du vil, kan du fint strikke denne dressen i tynn merino saman med ein følgetråd på pinne 3,5 og 4,0. Dersom du brukar Strikkeremme handfarga garn tynn merinoull (100g = 400m) saman med Strikkeremme handfarga garn mohair (50g = 240m) estimerer eg at du vil trenge 100-150 (150) 150 (200) 200 (200-250) 200-250 gram tynn merinoull og 50-75 (75) 75 (75) 100 (100) 100-125g mohair eller omtrent 55 (55) 55 (55) 70 (70) 88 gram Strikkeremme Suri følgetråd.
Merk: dette er KUN eit estimat, og har ikkje blitt testa av teststrikkarane. Hugs å sjekke strikkefasthet.