Strikkeremme
Chunky yr genser (vaksen)
Chunky yr genser (vaksen)
Dette er ei digital strikkeoppskrift.
Dette er vaksen-størrelse.
Chunky yr genser er ein delikat genser med holmønster, perfekt til både kvardag og litt halvpynta anledningar. Den enkle strukturen med holmønster er lett å strikke, men gir likevel eit nydeleg eksklusivt uttrykk. Genseren vert strikka ovanfrå og ned, med dobbel halskant og vendepinnar i nakken for god passform.
Genseren er meint å ha 10-20cm bevegelsesvidde (positive ease). Ha dette i mente når du bestemmer deg for størrelse. Ynskjer du fleire størrelsar? Ikkje nøl med å ta kontakt, så skal eg hjelpe deg!
Match gjerne settet med Yr hentesett til dei aller minste eller yr genser til barn ♥︎
Størrelsar: 1 (2) 3 (4) 5
Overvidde: ca 103 (109) 120 (131) 137 cm
Strikkefasthet: 14/10cm
Pinnar: 5 og 7 mm
Garn: Jord clothing fluffy (50g = 150m) saman med Filcolana Tilia (25g = 195m)
Garnmengde: 250 (300) 350 (350) 400 g fluffy saman med 100 (125) 125 (125) 150 g Tilia
Modellen på bildene er strikka i Jord clothing fluffy i fargen Vanilla saman med ufarga Strikkeremme suri følgetråd. Den mjukaste kombinasjonen! Dersom du ynskjer å strikke genseren i suri følgetråd holder det med eitt hespe til alle størrelsar.
Alternative garn
Alternativ til Jord clothing fluffy: Sandnes kos (50g = 150m), Drops air (50g = 150m), Viking alpakka bris (50g = 150m).
Alternativ til Filcolana Tilia: Sandnes tynn silk mohair (25g = 212m), Drops kid silk (25g = 210m), Sandnes alpakka følgetråd (50g = 400m), Strikkeremme suri følgetråd (100g = 1200m), Strikkeremme tynn silk mohair (50g = 420m).
Kunne ikke laste inn hentetilgjengelighet
Share






