Hopp til produktinformasjon
1 av 6

Strikkeremme

Basic bucket bag

Basic bucket bag

Vanlig pris 50,00 NOK
Vanlig pris 50,00 NOK Salgspris 50,00 NOK
Salg Utsolgt
Inkludert avgifter. Frakt beregnes ved kassen.

Basic bucket bag er ei søt lita veske du kan bruke til det meste. Den er perfekt som prosjektpose til strikketøyet, sminkepung eller noko anna. Heile veska strikkes i glattstrikk, og den eignar seg på den måten spesielt godt til handfarga garn. Den vert strikka frå botn og oppover, og med brettekant øverst. Til slutt strikkar du ei i-cord snor som du trer i brettekanten. Viss du vil, kan du sy eit fôr til, slik at til dømes strikkepinnar ikkje stikker gjennom veska. 

Denne oppskrifta er lagt opp til at du i stor grad skal kunne tilpasse størrelsen på veska di sjølv ut frå kva du ynskjer deg. Eg har lagt inn ein tabell som viser korleis du skal strikke for å få eit utval størrelsar i ulike strikkefastheiter, men dette er eit prosjekt som er veldig enkel å tilpasse til eget ynskje. Du får ferdig utrekna totalt 9 ulike varianter av veska i oppskrifta.

Størrelsar:
Strikk valgfri størrelse - instruksjoner for eigne tilpassingar.
Mini (medium) stor inkludert i instruksjonane

Strikkefasthet:
Valgfri strikkefasthet
28/10, 22/10 eller 17/10 inkludert i instruksjonane

Garn:
Valgfritt garn innen ynskja strikkefasthet.
Garnforslag inkludert i instruksjonene.

Strikkeremme tynn merinoull (100g = 400m), Sandnes mandarin petit (50g =180m), Viking bambino (50g = 176m), Sandnes tynn line (50 g = 220m) Sandnes Sunday (50g = 235m), Merinor baby merino (50g = 170m), Jord Clothing Wooly Light (50g = 250m), Dale baby ull (50g = 165m). OBS: ver merksam på at løpelengde varierer på ulike garntypar.

Oppskrifta inneholder i tillegg informasjon om korleis sy fôr viss du ynskjer det. 

Vis alle detaljer