Alt du treng å vite om suri følgetråd

Alt du treng å vite om suri følgetråd

Å prøve nye garnbasar er alltid like spanande! Suri følgetråd har eg vore nysgjerrig på lenge, men eg har ikkje bestilt den før no. 

Denne basen er det svært få bedrifter som tilbyr (som eg veit om i alle fall), og det finnes lite informasjon om strikkefasthet. Derfor ville eg ta pinnane fatt og eksperimentere litt for å gi deg mest og best mogleg informasjon om denne herlege følgetråden! 

Fyst litt om sjølve basen. Suri følgetråd består av 50% baby suri alpakka, 30% non-superwash merinoull og 20% silke. Eitt hespe har 100g og superdrøye 1200 meter med garn! Det gjer at eitt hespe tilsvarer nesten 3 hesper tynn silk mohair. 

Sjølv har eg falt pladask for denne følgetråden. Den er det desidert mjukaste garnet eg nokon gong har kjent på. Det er skikkeleg blankt og fint, og det gir eit fyldig, men fjørlett plagg. Det er mindre fluffy enn Silk mohair, men gir likevel eit fyldig maskebilde. Personleg tykkjer eg det gir meir fylde enn rein alpakka følgetråd. 

Eg har strikka fleire prøvelappar for å finne ut av strikkefastheten. Merk at alle strikkar ulikt, og dette er kun basert på min strikkefasthet. Eg strikkar ofte litt stramt, og må gjerne opp ein halv pinnestørrelse når eg strikkar. Sjekk alltid eigen strikkefasthet når du brukar nye kvalitetar/garnkombinasjonar!

Enkel tråd
Med enkel tråd suri følgetråd får eg 30/10 med pinne 3,0mm.

Suri følgetråd + Sandnes sunday
Med denne kombinasjonen får eg 21/10 med pinne 4,5mm.

 

 

Omgjeringstabell
For å gjere det enklast mogleg for deg å rekne ut kor mykje Suri følgetråd du treng til strikkeprosjektet ditt, har eg laga ein omgjeringstabell. 

Gram tynn silk mohair (nøster) = gram suri følgetråd (hesper)
25g (1 nøste eller 0.5 hespe) 18g (1 hespe)
50g  (2 nøster eller 1 hespe) 35g  (1 hespe)
75g  (3 nøster eller 1.5 hesper) 53g  (1 hespe)
100g  (4 nøster eller 2 hesper) 70g  (1 hespe)
125g  (5 nøster eller 2,5 hesper) 88g  (1 hespe)
150g (6 nøster eller 3 hesper) 105g (2 hesper)
175g   (7 nøster eller 3,5 hesper) 123g (2 hesper)
200g   (8 nøster eller 4 hesper) 140g (2 hesper)
225g  (9 nøster eller 4,5 hesper) 158g (2 hesper)
250g  (10 nøster eller 5 hesper) 175g (2 hesper)
275g (11 nøster eller 5,5 hesper)  193g (2 hesper)

 Merk: innhaldet i tabellen er kun utrekna, ikkje utprøvd.

 

Tilbake til bloggen

Legg igjen en kommentar